Til The Tetris Company Fra privatperson Harald Bjorøy Om Tetris.org-domenet Historisk I 1997 registrerte eg tetris.org. På den tida var det ingen komersielle organisasjonar som registrere .org-domener i det heile. Eg har vore tetris-entusiast sidan eg gjekk på høgskulen i Bergen, der ein vennekrets laga ein klubb. Dette var i 1989. Planen min var todelt – alle tetris-vennar skulle få høve til å registrere mailadresse hos meg, og eg ville starte ei klubbside, og melde meg på tetris-miljøet som den gongen eksisterte på nettet. Eg starta då ei webside, som eg ikkje hadde kapasitet til å vedlikehalde. Dette miljøet har dei siste åra forsvunne heilt, etter det eg forstår etter innsats frå The Tetris Company LLC. Eg må ærleg seie at eg synest det er trist at The Tetris Company LLC motarbeider tetris-entusiasme. Det har aldri vore underteikna sitt mål å undergrave dei komersielle interessene til The Tetris Company, sjølv har eg kjøpt to nøklehankar med Tetris på, og eit Xbox-spill. Bruken av domenet i dag I dag er domenet kun i bruk for mine private mailadresser, samt ei privat maskin som ligg på eit subdomene under tetris.org. Eg har brukt mi mailadresse på @tetris.org sidan 1997 for alle private registreringar på nettet. Alle mailinglister og alle kontoar på nettbutikkar. I tillegg har alle nære og perifiere vennar i privatlivet mitt registrert min mail under @tetris.org. Dette gjeld og eit lite knippe andre som har mailadresse under @tetris.org. Min ”microsoft passport”-konto ligg under @tetris.org – og er såvidt eg skjøner umogeleg å endre, utan å registrere meg på nytt alle stadar eg har vore registrert. Nokre av desse stadane er det komplisert å få gjort endringar hos. Kvifor tviheld eg på domenet? For det første er dette ein del av identiten min. Eg har brukt adressa i åtte år, og det er både teknisk og emosjonelt vanskeleg å skille seg med domenet. Uansett kva The Tetris Company LLC hevder, er dette mitt domene. Det er eit .org-domene som er tiltenkt ikkje-komersiell bruk. Eg føler meg bakbunden i høve til å starte eit forum for likesinna – det vil eg eventuelt bli stoppa frå å gjere, grunna merkevarerettane The Tetris Company LLC har til ordet ”Tetris”. Men det stoggar meg ikkje frå å meine at det er mitt domene. Planen er å aldri nytte domenet i offentlege samanhengar – dette bør halde i høve til rettar til namnet. I tillegg har eg bruk for domene av praktiske årsakar, for å drifte eigne private servere (brukes til deling og lagring av private filer, f.eks. fotoalbum). Eg har betalt domenet fram til hausten til neste år. Eg har og teikna avtale med dyndns.org som handterer det aktuelle subdomenet mitt. Eg teikna denne avtala før dei starta med betalingstenester for private, og eg har såleis ei livslang avtale med å videreføre dette subdomenet. Viss eg må bytte domene, påløper det årlege utgifter for dynamisk dns, samt dns-administrering. Det vil ta meg mange månader å klare å bytte adresse hos dei eg har registrert meg hos. Eg trur eigentleg at det finns ein del stadar eg ikkje får innpass med ein ny identitet. Finns det ein veg vidare i ”god tone”? Eg føler strategien frå The Tetris Company LLC kun har vore truslar – og dette er ingen god strategi for å få samarbeid frå meg. Det må nesten byrje med årsaka til at The Tetris Company LLC har bruk for domenet. I tillegg må vi lindre problema eg har nemnd over. Eg kan ikkje overlate domenet på kort sikt, og eg har heller ikkje tid til å jobbe mykje med dette – ein overgang må altså ta tid. Eg trur og at dei primære mailadressene må bestå som redirects, og vi må finne ei løysing på problemet mitt med at eg i dag har ein kostnadsfri konto hos dyndns.org. Mvh Harald Bjorøy